Er du lei av å skamme deg?
Eg hjelper deg å sleppe taket
Eg har erfaringa, kunnskapen og verktøya som trengs for å ta skammen ut av kroppen din. I EQ-terapi får du bygge styrke i møte med ditt indre barn. Du får øve på å stå opp for deg sjølv. Du får anledning til å sleppe taket i skam, frykt, sorg, sinne og andre vonde følelsar som andre har gitt deg gjennom livet.
Få ut det vonde, og lag plass til glede,
lykke og eventyrlyst!
Rett plassering av skyld har endra livet mitt
Det som skjedde då du var lita var aldri din feil. I EQ-terapeut-utdanninga lærte eg å plassere skylda hos dei ansvarlege voksne.
Du har ikkje ansvar for andre folk sine følelsar eller reaksjonar, ikkje ein gong når det er deg dei reagerer på. Dei kan du ikkje gjere noko med, ikkje utan å utslette deg sjølv. Og DET har du gjort lenge nok.
Og veit du, det føles så innmari godt når du viser deg sjølv, med kropp og hjerne og nervesystem og alt, at DU ER ANSVARLEG FOR DINE FØLELSAR, og DEI ANDRE ER ANSVARLEG FOR SINE FØLELSAR.
Eg jobber med å styrke eigenomsorg og eigenkjærleik hos dei som kjem til meg. Slik at dei kan gjere seg sjølv sterkare og sterkare for kvar dag.
Dette er ein del av magien i EQ-terapi.
Eg har eit rom kor du kan finne autentisiteten din
Å vere autentisk er det sunnaste og beste du kan gjere for deg sjølv. Då kan du bli indrestyrt og lytte til det som finst inni deg, heller enn å vere ytrestyrt, og la andre sine meininger og følelsar styre deg. Du klarer uansett aldri å leve opp til alle andre sine forventninger til deg, så kanskje du like godt kan gi litt meir f?
Det er lettare sagt enn gjort. Og det er ikkje så lett å «berre gjere det», når du har så mange følelsar i kroppen som stopper deg. Frykt for avvisning ligg i instinkta dine, og overstyrer både viljen og autentisiteten din – om du lar dei.
Som barn har du lært deg ulike overlevelsesmekanismer eller verneskjold, som du trengte å bruke. For å overleve. For å sikre at omsorgspersonane dine likte deg og ville ta vare på deg. Barn er jo avhengige av at dei voksne tek vare på dei.
I EQ-terapi kan du bearbeide både instinkta du laga deg som barn og dei d har medfødt. Du kan vise hjerna og kroppen at du ikkje treng mekanismene meir. Vise at du faktisk er trygg no, at du er kapabel til å klare deg sjølv, at du faktisk ikkje treng å bli likt av folk som ikkje tåler heile deg.
Eg trur på
-
At kvinner har meir å komme med enn kroppane våre klarer å uttrykke, slik samfunnet er lagt opp i dag.
-
At samfunnet vil dra fordelar av at kvinner lærer å elske seg sjølv. Eg trur det kan få ned sjukefråver, og vil kan få revolusjonar i arbeidsliv, kvinnehelse, når kvinner får styrka seg sjølv som individ og kollektiv.
-
At eg kan hjelpe kvinner til å finne sitt autentiske seg, gjennom å ivareta det indre barnet som framleis lever i dei.
Alle gjer så godt dei kan ut ifrå sine forutsetninger.
Foreldra har vore bedre enn sine foreldre. Heldigvis! Og foreldra våre har gjort så godt dei kunne. Ut ifrå sine forutsetninger.
Men det var ikkje godt nok for deg.
Du og barna dine fortjener ein mønsterbryter-revolusjon i omsorg i relasjonar.
Av mange grunnar:
Vi ser ein einsomhetsepedemi blant menn. Vi ser stadige dragninger til høgre i politikken. Vi ser at kvinner og mødre blir meir sjukmeldte, og vi ser at tradwife-bevegelsen trekker fleire og fleire mødre inn i den kvinnefella det er. Kvinner blir i all for stor grad drept av menn dei har relasjonar til. Og menn tek sine eigne liv. Og kvarandre sine liv.
Du som er mamma VEIT at du må gjere noko. Du kan ikkje fortsette å ha det sånn. Du kjenner at det eigentleg er på tide. Men du klarer det ikkje aleine. Ingen gjer det. Det er umulig å plutseleg reise seg og ta vare på seg sjølv når ein heile livet har fått høyre at det viktigste er å ta vare på dei rundt deg. Ikkje utan å samtidig føle masse skyld og skam.
Eg er her for å hjelpe deg gjennom og ut av dette.
La meg gi deg dei pusha du treng, og den bearbeidinga ditt indre barn treng.
Eg har alle verktøya og eg har nok omsorg til alle!
Fun facts
-
Eg er generator, 6/2 med sakral autoritet. HD-kartet viser at eg er både bøs og sjefete. Men eg har krepsen i acendanten, som betyr at ingen er omsorgsfull som meg!
-
Eg skremmer ofte folk utan å meine det, fordi eg går så stille. Men eg liker å skremme folk, så eg vil ikkje gjere noko med det heller.
-
Eg har sunge 1. sopran i kvinnekoret Concentus, og vi sang til gull i det meste av konkurransar vi deltok i.
“Edith Birgitte hjelper deg å løse det største problemet jeg har hatt i mange år – nemlig frykten for å gråte plutselig. Du er mamma, du må være sterk, men under overflaten har du så mange følelser at du lurer på om du kommer til å bli litt gal – eller at du kommer til å flomme over som en tårevulkan. Gjennom EQ-terapi og to tonn empati, gir Edith deg det du trenger aller mest: En gråtepause.”
Du finner meg på Internett her
Epostlista mi Omsorgsposten er kanalen kor du kan få all informasjon om alt eg driv med. Som abonnent blir du av dei første som får vite om alt det nye, og første som får mulighet til å bli med på tinga mine.
Alle som abonnerer på Omsorgsposten får to gåver:
1: Ei greie som hjelper deg å ta kontroll over gråten, og
2: Ei rekke små, enkle hacks som hjelper deg å gi deg sjølv litt meir omsorg i kvardagen, uten at det vil føles som enda ei oppgåve du må gjere, og potensielt feile på.
Eg kan ellers hjelpe deg gjennom individuell EQ-terapi, som gir deg indre styrke, eit sterkare fundament å leve frå, og masse kjærleik og glede til deg sjølv og dei du lever ilag med.