Hopp til hovedinnhold

Det føles SÅ godt å gi omsorg til andre!

Men kvifor føles det så feil å gi omsorg til seg sjølv?

Det føles godt å vere der for andre, ofre seg for at andre skal ha det best mulig. Og det føles ikkje godt, av og til feil, og til og med ulovleg å sei nei til andre for å vere der for oss sjølv.

Spesielt for kvinner. Det betyr heldigvis ikkje at det ER feil eller ulovleg. Det betyr berre at nokon har lært deg at det er feil. Ikkje nødvendigvis bevisst. Ikkje nødvendigvis med ord, men du har lært det likevel. Kroppen din og nervesystemet ditt har lært at «vere god mot andre» = rett og bra og «vere god mot meg» = feil og egoistisk.

Gjennom EQ-terapi kan eg vise deg kva det er som gjer at det føles sånn, og ikkje minst kva du kan gjere for å sleppe tak i slike gamle sannheiter og mønster.

Hvorfor EQ-terapi

Eg kan jo berre bruke KI som terapeut, det er gratis og tilgjengelig 24/7

Klar du kan det! Viss du stoler på ein språkmodell som baserer seg på all tilgjengelig tekst på Internett. Utan filter eller faktasjekk. Eg er biased i form av å vere EQ-terapeut som tilbyr mine tenester mot betaling, og det er eg heilt ærleg om. KI-modellen din vil i tillegg til å vere filterlaus, vere prega av den/dei som utvikla modellen. ChatGPT er for eksempel ein KI-chatbot frå eit forskningslaboratorium i San Francisco. Har du undersøkt kva haldninger utviklarane har rundt politikk, ideologi, religion eller andre tema som kan påvirke svara du får? Hos meg får du eit nervesystem å koble deg på, eg ser kva som skjer med deg når du er i terapi, og eg har empati og eit etisk ansvar. Dette finn du ikkje hos KI. Eg spurte Copilot: “Ville anbefalt mennesker å bruke deg som terapeut?” Svaret var: “Nei. Jeg er ikke en terapeut og bør aldri brukes som erstatning for menneskelig hjelp.” Så kan vi spør oss sjølv om vi kan stole på det svaret.

Småbarnstida får du aldri tilbake, så vi må vere mest mulig tilstede med ungane for å ikkje gå glipp av noko. Då kan eg ikkje kaste vekk tid på å jobbe med meg sjølv.

Vil du vere ei mamma som har energi og orker å vere den mammaen du skulle ønske du var? Det er SÅ mange av dei eg har møtt i EQ-samanheng som seier at dei skulle ønske at dei gjorde det indre arbeidet før dei fekk barn eller medan ungane var små, heller enn når ungane har blitt store. Og eg er så enig, og SÅ glad for at eg gjorde akkurat det. Etter å ha brukt x antall timar på å jobbe med historia mi, kan eg no vere den BESTE mammaen for ungane mine, medan dei framleis er små. I staden for å bli sint og irritert, som eg ville biltt viss ikkje. Det er bedre at eg bryt mønsteret no, først som sist, så dei slepp å ta den store jobben det er å bryte generasjonsmønster.

Terapi er berre snakk, det gjer ikkje nokon forskjell for meg likevel.

I EQ-terapi går vi nevroplastisk til verks og endrer mønstra som styrer tankane og handlingane dine. I staden for å berre snakke om det, viser vi ditt indre barn med kjærlige ord og sterk handling at ho var verdt å elske, akkurat som ho var, og på den måten skifter vi ut grunnmuren i deg. Du får eit meir stødig og holdbart fundament, og du blir styrka frå innsida.

Eg må passe inn samfunnets normer og rammer for å føle meg verdifull

Nei. Berre nei. Du er nemleg verdifull fordi du er den du er. Finn fram eit bilde av deg som barn. Var du bra nok då? Før du begynte å tru på det dei rundt deg sa? Om at du måtte vere flink og snill viss dei skulle like deg? Viss du var verdifull, vakker og viktig då, så er du akkurat like bra nok i dag! Verdien din har IKKJE endra seg! Du har berre blitt fylt opp av store, stygge usannheiter, som har gjort at du har mista tilgang på den du var. Du har blitt den samfunnet vil at du skal vere. Og kven tener på at du er ytrestyrt? Det gjer dei som selger deg skjønnhetsprodukt, diettar og hold-in-strømpebukser, og dei som tener pengar på at du er ein lydig og flittig maur på jobb. Dei tener på at du trur på at viss du ikkje gjer deg så liten som mulig, så tar du plass du ikkje har rett til. Eg er her for å fortelle deg, og VISE deg at det er FEIL. Du har plass, du kan ta plass, og du fortjener all plassen du VIL ha!

Eg har ikkje råd til å gå i terapi

Det koster både tid, energi og hard cash å gå i privat terapi. Men du jobbar og står på og gjer så godt du kan. Eg benytta sjansen eg hadde då eg jobba og tente pengar i tech-bransjen og delte utgiftene mine med ein mann. Derfor har eg hatt råd til å betale over hundre og femti tusen kroner for utdanninga mi. I tillegg har eg brukt enormt mykje tid på å lese og lære meg alt eg kan om terapi, relasjonar, egenomsorg, egenkjærlighet, det indre barnet, barns utvikling, normativt morskap og mykje meir som er relevant for korleis eg kan hjelpe deg på best mulig måte. Eg er ein ekte fagnørd. Derfor kan du betale meg for å sleppe å investere like mykje tid, energi og pengar på å finne ut av det samme. Viss du er like interessert og vil utdanne deg innan det samme, kan du sjølvsagt det! Eller du kan velge å betale ein fagperson til å hjelpe deg, så får du jobben gjort, og blir ferdig med det på kortare tid, for mindre energi og mindre pengesum.

Motgang gjer meg sterkare, så eg treng ikkje terapi

Motgang gjer deg lei deg, skuffa, trist, deprimert. Motgang gjer vondt. Motgang er vondt å bere med seg i kroppen. I terapi lettar vi på motgangen ved å anerkjenne smertene, vise forståelse for at det gjorde vondt, og viser deg ein alternativ måte å møte deg sjølv på.

Eg har høyrt at i EQ-terapi så må ein klare å for seg masse bilder, fra minner og slikt. Men jeg klarer ikke å se for meg bilder, trur eg har sånn afantasi. Kan det funke for meg da?

Det har så mange sagt til meg, og blitt overraska i EQ-terapi hos meg, så det må vi nesten teste før eg trur på deg. Men du må ikkje ha ei veldig spesiell hjerne for å gå i EQ-terapi. Du har levd, du har minner, du har allerede sett eller opplevd det vi skal jobbe med. Så lenge du har minner som er vonde og plager deg, så har vi noko å jobbe ut ifrå. Det er heller ikkje alltid nødvendig å sjå direkte bilder, eg gjer heller ikkje alltid det. Då vil det fungere å jobbe med følelsen som oppsto i opplevelsen.

Det er berre ustabile folk som går i terapi.

Det stemmer ikkje. Folk som går i terapi har gjerne bagasjen fylt av traumer, men så lenge du går i terapi, så er du i stand til å balansere greiene. Alle har bagasje, men dei som jobber med den er dei aller kulaste og mest interessante folka eg veit om. Er du lei av å snakke om naboen eller været, finn nokon å snakke med som går i terapi! Eg garanterer djupe og meiningsfylte samtalar! Eller enda bedre: du kan bli ein sånn person sjølv ved å begynne i EQ-terapi!

Det føles godt å vere der for andre, ofre eigentid og energien sin for at andre skal ha det best mulig. Det føles egoistisk, feil og til og med ulovleg å sei nei til andre for å ta vare på oss sjølv. Spesielt for oss kvinner.

Det betyr heldigvis ikkje at det ER feil. Eller ulovleg. Det betyr berre at nokon har lært oss at det er feil. Ikkje nødvendigvis bevisst. Ikkje nødvendigvis med ord, men vi har lært det likevel. Kroppane og nervesystema våre har lært at «vere god mot andre» = rett og bra og «vere god mot meg» = feil og egoistisk.
Vi kvinner er i tillegg opplært til å halde følelsane våre inni oss.

Vi har gjerne «lov” til å vere litt lei oss og gråte ein skvett, men berre i begrensa monn.. Og aldri utan å unnskylde oss og skamme oss.

Men kva skjer med kroppen når du held inne sinne, frustrasjonar, irritasjonar, sorg, frykt og skam? Kroppen blir stappfull, halsen blir tett, og kroppen går i alarmrespons. Det fører ofte til smerter, problem med fordøyelsen eller andre plager.

Så korleis skal vi gjere det, når det føles så forferdeleg skummelt og fysisk vondt å snakke sant, ta vare på oss sjølv, og gjere det som er best for oss sjølv?

Jo, vi må lære kroppen at det er trygt!

Det er heldigvis ei stund sidan kvinner blei tvangsinnlagt, medisinert, lobotomert og det som verre er, når dei sa imot det etablerte. No er det trygt for dei fleste av oss. Og lite hensiktsmessig å gå rundt å halde alle følelsane og meiningane våre inne i kroppane våre! Spesielt når det òg gjer så vondt.

Å øve på å snakke sant er vondt på kort sikt.

Å fortsette å halde følelsane på innsida er vondt på LANG sikt.

Du får lov til å øve på dette i EQ-terapi. EQ-terapi er basically å ta kontakt med ein følelse, finne det indre barnet i deg, som kjente på følelsen for første gong, vise ho at ho er trygg og verdt å elske, lytte til og bry seg om, stå opp mot dei vaksne som burde gitt ho alle dei gode følelsane i verda, og deretter ta med den lille jenta du var til ein plass ho kan vere heile autentiske seg.
EQ-terapi er ikkje så enkelt som det høyrest ut over her, det vil kreve ein del tårer, smerter, snørr og sorg, men eg lover deg. Eg lover deg at det er verdt det. Eg har personleg erfaring og har sett andre gå gjennom det samme, og det gir resultat.

For dei som er modige nok til å kjenne på alt som melder seg når dei lukker augene og kjenner etter i kroppen, vil effekten av EQ-terapi vere magisk livsendrande!

Eg er ein erfaren EQ-terapeut (har fått og gitt over 100 EQ-terapiar), snart blir eg breath work guide og sertfisert Barselambassadør. Eg er med i Julianne Rydberg sitt fagforum for Motherhood Studies Norge.

I tillegg til djup teoretisk forståelse for korleis mødre har det, har eg òg kjent på min eigen kropp korleis det er å vere mor og utslitt. Eg har vore der sjølv.

Eg var utilpass, overvelda, overstimulert og ville berre gå og legge meg, samtidig som eg ikkje kunne det, for kven skulle då sørge for at ting gikk på skinner? Eg har kjent på ambivalensen og dissonansen i det å vere heilt skrapa for energi, og samtidig berre køyre på for alt må jo gjerast. Huset rydder seg ikkje sjølv, ungane må ha mat og trøyst når dei er lei seg, jobben må gjerast og partner krever sitt. Og så ser eg på alle som baker med ungane utan å klikke i vinkel, som reparerer sine eigne klede, som reiser på tur med venninnene, og som får stueplantene til å overleve. Og så følte eg meg feil og dritt og aldri bra nok på noko, og gått med konstant dårleg følelse i magen.

No har eg jobba med historia mi i tre og eit halvt år, og fått bearbeida store delar av mine barndomstraumer. Det har gjort at eg har komt i kontakt med den autentiske meg.

Så no ser eg annleis på både meg sjølv og andre. Eg ser at eg gjer så godt eg kan. Eg har innsett at eg ikkje verken orker eller vil ha alt på stell rundt meg. Ungane får alt dei treng, og eg klarer å vise dei at mamma treng av og til pause, utan å samtidig føle meg som ei drittmamma. Eg takler å få kommentarar på at huset er rotete, eg klarer å bli glad på andre folks vegne, når dei får til ting eg ikkje får til, og eg har blitt kjent med den gode magefølelsen min! Eg har innsett at min høge verdi er sånn fordi eg er meg! Eg har blitt kjent med mitt indre barn og lært av ho kva EG VIL, kva eg liker, kva eg vil prioritere og bruke tida mi på.

Eg veit derfor med HEILE mitt hjerte at eg vil hjelpe andre mødre og kvinner til å oppnå det samme. Eg har jobba med meg sjølv og mi historie, og er derfor ferdig med (det meste av) mitt eget, og er klar for å gi deg mitt fulle fokus når vi møtes.

Eg har sett verdien av å drive med indre arbeid gjennom EQ-terapi. Metoden gir anledning til å øve på å gi deg sjølv den kjærleiken og omsorgen du alltid har lengta sånn etter, og til å stå opp for deg sjølv, gjennom ditt indre barn. Eg vil hjelpe deg å slutte og streve og berre overleve. Eg vil hjelpe deg å leve.

Og det beste er at du slepp å gjere alt dette aleine. For eg vil sitte ved di side og støtte deg i alt du vil og treng å gjere i terapien. Folk som har vore rundt meg seier eg får dei til å føle seg trygge og at eg gjer det lett for dei å åpne seg for meg.

EQ-terapi, eit annleis pakkeforløp

Langt forløp: EQ-terapi i 12 veker

11 nettoverførte terapiar, 12 samtalar à 15 minutt, sms-kommunikasjon når eg er tilgjengelig. Trygghet, omsorg, støtte, push når du treng det og trøyst når du treng det.

  1. Ein terapi varer så lenge den treng å vare. Som utgangspunkt opp mot 1 time og 30 minutt. Vi startar med kortare terapiar, fordi det er energikrevande arbeid. Dei seinare terapiane vil bli lengre, og vi ser det an ut ifrå kva du har behov for.

  2. Du får ein oppstartssamtale og ein avsluttande samtale.

  3. Du får ein ekstra samtale á 20 minutt kvar veke du er i forløpet, når du har behov for det.

  4. Du får personleg oppfølging, og kan sende meg meldinger ved behov, som eg svarer på dagleg, når eg har tid og anledning. Eg vil ta kontakt med deg når du ikkje orker å strekke ut handa sjølv.

  5. Teori og praksis som du kan bruke for å hjelpe deg sjølv etter at vi avslutter forløpet.

  6. Ved behov for vidare kontakt, lager vi ein eigen avtale på det. Eg vil ikkje sleppe deg før du føler deg sterk nok til å gå vidare på eiga hand.

  7. Alle som kjøper terapi av meg, får abonnement på Omsorgsposten på kjøpet. Omsorgsposten inkluderer to gåver/freebies: Grine-lista med bruksanvisning – hjelper deg å ta kontroll over følelsane. Gentle life hacks for eigenomsorg – små, enkle grep du kan ta for å vise deg sjølv at du er verdt å ta vare på, utan at det blir nok ei bør på to-do-lista.

Du er invitert

Er du klar for å gi deg sjølv omsorg? Abonner på Omsorgsposten.

Er du klar for å gi ditt indre barn omsorg? Book meg for terapi.

Er du usikker på om du er klar? Book ein samtale med meg.

Neste steg- Omsorgsposten

  • Du fyller ut skjemaet og blir Omsorgsposten-abonnent

  • Du les epostane, særleg dei første, og verkeleg bruker verkemidla eg deler der.

  • Du vil merke at du gir deg sjølv omsorg, og du vil føle det i heile kroppen din, at du er verdt å ta vare på, verdt all denne omsorgen. Du får erfare og etter kvart vil du tru på at det er godt for både deg og dei rundt deg at du bruker tid på å ta vare på deg sjølv, at det faktisk har positive ringvirkninger.

Neste steg- EQ-terapi

  • Du booker EQ-terapi hos meg

  • Du får hjelp til å ta vare på og gi kjærleik og omsorg til ditt indre barn, og du begynner å bygge opp eigenverdien din. Du får også stå opp for ditt indre barn, og kroppen din erfarer at det er trygt, at du har kontroll og at det er du som bestemmer over deg og ditt liv. Eg er ved di side gjennom det heile, både i sjølve terapiane, men òg i samtalar og i tekstmeldinger mellom terapiane. Det er du som gjer jobben, men du skal aldri vere aleine om det. Eg vil støtte deg, guide deg og holde deg heile vegen gjennom.

  • Etterkvart vil du føle forskjellen i kvardagen. I tankemønstera dine. Dei endrer seg, og blir meir rasjonelle, mindre sjølvdestruktive. Du merker det i møte med vanskelige følelsar hos andre, ungane for eksempel. Du vil tåle dei på ein heilt ny måte. Du merker at du ikkje lenger har behov for å vere så hard. Ikkje mot deg sjølv, ikkje mot andre. Du blir meir undrande, både i deg sjølv og ovanfor andre. Du merker at du tenker “lurer på kva dette handler om” heller enn at du kritiserer og dømmer. Og ikkje minst, så merker du at du endeleg har fått plass til glede i livet ditt. I starten som små glimmer, etterkvart i form av latterkramper og eit stort varmt hjerte for både deg sjølv og dei rundt deg.

Neste steg- Booket time

  • Du booker ein samtale hos meg.

  • Eg spør deg om barndommen din, relasjonar til foreldre, søsken, besteforeldre, andre. Og om du kan fortelle meg kva du strever med i livet. Kva som er det viktigste som bankar på, og korleis du handterer dei ulike utfordringane.

  • Eg får eit bilde av korleis historia di har prega deg, og kva strategiar du har valgt for å klare deg i livet. Eg ser om du er klar for å gå inn i historia, eller om du kanskje treng å snakke om ting først. Som terapeut er eg alltid var på deg og kva du tåler, så eg vil ikkje ta deg med inn i dei verste traumene viss du ikkje har jobba med historia di tidlegare. Eg vil begynne forsiktig, stadig sjekke inn hos deg, for å forsikre meg at eg ikkje tek deg med inn i følelsesbølger du ikkje vil klare å komme deg ut av, sjølv med mi hjelp.

«På en side så vet jeg at når noe ikke flyter i livet, så er det noe i meg som blokkerer det. På den andre siden hadde jeg kommet til et punkt hvor jeg ikke visste hva blokkeringen var. Noen ting er i overflaten, annet gjemmer seg dypere, og da kan det være fint med litt hjelp for å finne det.

Her kom Edith inn med sin trygge gode energi. Jeg hadde ikke prøvd EQ-terapi før, visste vel ikke helt hva jeg gikk til heller, men Edith guidet meg trygt og før jeg visste ordet av det kom jeg dypt ned til noen gamle etablerte sannheter som direkte blokkerte min kreative flyt.

Selv om jeg ikke kjente Edith så godt fra før følte jeg meg fullstendig trygg fra første sekund, noe som gjorde at jeg våget å gi slipp på gammelt grums mye lettere enn jeg har gjort tidligere.
En session med Edith er terapi du ikke visste du trengte, men jeg lover deg, det er akkurat det du trenger.”

Renate Steen-Johansen

Finn lyst i livet

For hjelp til å gråte, korleis gi deg sjølv omsorg og varme klemmar i innboksen: abonner på Omsorgsposten.

For hjelp til å finne deg sjølv og styrke deg sjølv frå innsida: book samtale eller EQ-terapi av meg.

 

Eg har laga ei greie som gjer det enkelt å ta litt bedre vare på deg sjølv, uten at det blir meir stress og enda ei greie du må gjere for å få det bedre? Du får den gratis når du abonnerer på Omsorgsposten!

Vil du lese tekstar om mammalivet, som du kan kjenne deg igjen i? Vil du kjenne korleis det føles å få varme klemmar i innboksen? Abonner på Omsorgsposten!

Dette er staden for deg som:
– er lei, sliten, overstimulert og utmatta.
– er klar for å prøve noko nytt, heller enn å bli gåande i samme tilværelsen i ti år til.
– har gått i samtaleterapi, psykoterapi, kognitiv terapi, motivasjonsterapi, har prøvd yoga, qi gong og pilates, og har jobba med mindfulness og meditasjon utan at det fekk problema dine til å forsvinne.

Hos meg får du alt frå små men effektive tips til korleis du kan ta litt bedre vare på deg sjølv, til store terapi-pakkar som gjer at du får gravd heilt ned i den djupaste driten – og dermed kan komme ut på andre sida som ein sterkare, meir sjølvsikker versjon av deg sjølv. Du kan bli ei som liker seg sjølv, som er glad i seg sjølv, og ser kor stor verdi ho har, at ho ikkje lenger vil finne seg i andre sin drit.

Vil du starte i det små, starter du med å abonnere på Omsorgsposten. Der får du to gåver:

Hjelp til å frigjere klumpen i halsen, lette på trykket bak augene og ta kontroll over sorg og gråt.
Små, enkle grep av eigenomsorg som du kan ta inn i kvardagen – utan at du utvider den allerede stappfulle to-do-lista. Målet er at du skal bli zen, og at du skal innsjå at du er verdt å ta vare på, du òg

Har du jobba litt med deg sjølv allerede, eller er så lei av den lange, harde tilværelsen at du vil gå den korte, harde vegen via EQ-terapi, så booker du ein samtale med meg

Sånn at vi ilag kan finne ut om du skal ha eit langt forløp eller eit lengre forløp av EQ-terapi og omsorg hos meg.

Ingenting av det eg tilbyr er for pyser. Berre dei aller tøffaste og modigaste folka (aka mødre og kvinner) tør å hoppe uti det, sjå på historia si, sleppe tårene fri, sleppe følelsane fri, grave langt ned i djupet, dra ut traumene og gi dei ein stor, varm klem, så dei smuldrer opp og frigjer alt du treng av energi til å få gjort ting du har lyst til å gjere og til å faktisk leve.

Til å finne LYST I LIVET!

VIKTIG! Vi starter aldri i det djupaste når du er heilt fersk i traumebearbeiding, det vil ikkje kroppen din tillate, og det vil ikkje eg tillate. Vi varmer opp med noko litt lettare, før vi tek trappa nedover. Eitt og eitt steg. Du kan stole på at kroppen din viser deg kva du treng å jobbe med, og at eg vil geleide, veilede og holde deg gjennom heile prosessen.