La meg fortelle deg ein hemmelegheit:
Berre pyser er redde for å grine.
Er du tøff nok til å prøve?
Det med grining, det er noko herk. Det pressar på når du minst ventar det, og kjem kastande på deg når du ikkje har tid. Når du nettopp har brukt evig lang tid på sminken, eller når du er ute blant folk eller framfor ungane.
Grining har evig bad timing!
“Mamma er du lei deg?”, spør den nydelege, omsorgsfulle ungen min innimellom, Spesielt viss eg blir stille og er i eit anna rom. Eg grein framfor ho ein gong, fordi eg ikkje orka å holde igjen.
Så no er ho stadig bekymra for meg. Eg er ikkje redd for å vise ho at eg har følelsar, det har ho berre godt av. Men eg vil bestemme når eg slepp den laus.
Det som er med grining, som med så mykje anna som kan slå over oss som bølger, er at vi må ta kontrollen. Vi kan ikkje styre bølger, men vi kan lære oss å navigere gjennom eller over dei. Og det kan vi gjere ved å lette på trykket når du har tid til det. Innimellom, når det faktisk passer.

Derfor laga eg Grine-lista
Derfor har eg laga ei Grine-liste, som eg gjerne vil dele med deg. Eg har til og med laga ei lita bruksanvisning som du får med lista, med tips og triks rundt korleis du kan bruke den. Du kan å spele av musikk på Spotify, men du har kanskje ikkje så mykje erfaring med å sette av tid til deg sjølv og til å sleppe ut følelsane dine?
Ingen sang har komt med på lista uten at eg sjølv har grått av den.
FAQ
Har du ein klump i halsen som presser på og vil ut? Kom og få spelelista som har fått så mange til å få den forløysinga du òg treng!
Klem frå Edith Birgitte