Kjære deg.
Det føles SÅ godt å ta vare på andre.
Men kvifor føles det så feil å skulle ta seg tid til å ta vare på deg sjølv?
Det føles godt å vere der for andre, ofre deg for at andre skal ha det best mulig.
Det føles ikkje godt, å sei nei til andre og prioritere deg sjølv. Det kan til og med føles både feil og ulovleg. Særleg for kvinner.
Det er fordi nokon har lært oss at det er feil, og kroppane og nervesystema våre har lært at «å vere god mot andre» = rett og bra. Og at «å vere god mot meg» = dårleg og egoistisk.
Gjennom EQ-terapi kan eg vise deg kva du kan gjere for å sleppe tak i gamle sannheiter og mønster som dette.
Totalis: nært og djupt forløp
14 online EQ-terapiar, samtale kvar veke, svar på meldinger/mail kvar dag.
-
Ein EQ-terapi varer så lenge den treng å vare. Som utgangspunkt 90 minutt. Du får uansett ein mjuk oppstart.
-
I Totalis får du oppstartssamtale og avsluttande samtale, kvar på 60 minutt.
-
Når du treng det, er eg tilgjengelig for ein 20 minutts samtale kvar einaste veke du er i forløpet (opptil 26 veker).
-
I Totalis er nær og personleg oppfølging ein stor del av forløpet. Vi har ofte kontakt, slik at du får den støtta du treng. Å gå i EQ-terapi kan vere hardt arbeid. Eg vil ta kontakt med deg når du ikkje har ork til det.
-
Du får teori og praksis som du kan bruke for å støtte deg sjølv etter at vi avslutter Totalis-forløpet.
-
Ved behov for vidare kontakt, lager vi avtale for det, om du vil. Du får tilbod om vedlikeholds-terapiar, og eg vil ikkje sleppe deg før eg ser at du er sterk nok til å gå vidare på eiga hand.
-
Totalis er kun tilgjengelig via søknad og samtale. Eg vil gjerne vere sikker på at akkurat eg er den rette til å jobbe så nært og så lenge med akkurat deg.
Myter om EQ-terapi
Det finst mange myter om EQ-terapi, men eg har til gode å høyre nokon negative påstander som faktisk er sanne. Eg har samla dei mest kjente mytene, og gitt kvar av dei eit tilsvar. Det er myter om at ein ikkje kan gå i EQ-terapi når ein har små barn, at terapi kun er unyttig snakk, at du uansett blir sterkare av motgangen du har opplevd, at det koster for mykje, med meir.
Vil du lese om desse mytene? Alt du treng å gjere er å fylle ut skjemaet i denne lenka:



Kroppen husker
Og det er derfor du har så vondt
Vi kvinner har ein tendens til å halde igjen følelsane våre. Det er slik vi er oppdratt til å vere.
Vi har gjerne «lov” til å vere litt lei oss eller rørt, og gråte ein skvett. Så lenge vi ikkje gjer for mykje ut av oss.. Og vi må alltid huske å unnskylde oss og skamme oss skikkelig når vi gjer det.
Når vi held sinne, frustrasjonar, irritasjonar, sorg, frykt og skam inne, blir koppen fylt påå. Halsen blir tett, og kroppen går etterkvart i alarm. Vi får smerter, utmattelse, uro, spenninger, fordøyelsesbesvær og andre plager.
Å øve på å snakke sant er vondt på kort sikt.
Å fortsette å halde følelsane på innsida er vondt på LANG sikt.
Vi må lære kroppen at det er trygt å føle!
I EQ-terapi øver vi på dette. Du får:
- kontakt med undertrykte følelsar og det indre barnet, som kjente på følelsen for første gong.
- vise det indre barnet at det er trygt no, og at ho verkeleg var verdt å elske, lytte til og bry seg om.
- stå opp mot dei vaksne som burde gjort bedre.
- ta med det indre barnet til ein trygg plass, kor ho kan vere trygg og autentisk.
EQ-terapi krever tårer, snørr og vanskelege følelsar.
Men eg lover deg: resultatet er verdt det.
For deg som er modig nok til å kjenne på det som dukker opp når du lukker augene, og som vil kjenne etter i kroppen, vil effekten av EQ-terapi vere LIVSENDRANDE!
Eg vil bruke alle mine erfaringer, kunnskap og verktøy for di utvikling
Eg er ein erfaren EQ-terapeut, som har fått og gitt over 100 EQ-terapiar. Eg studerer til å bli Breathwork fasilitator og er sertfisert Barselambassadør, og i tillegg er eg med i fagforum for Motherhood Studies Norge.
Alt dette fordi eg ønsker å hjelpe mødre og kvinner.
I tillegg til djup teoretisk forståelse for korleis mødre med barndomstraumer har det, har eg òg kjent på min eigen kropp korleis det er å vere mor og utslitt. Eg har vore der sjølv.
Eg var utilpass, overvelda, overstimulert og ville berre sove. Men eg kunne ikkje det. Kven skulle då sørga for at ting blei gjort? Eg har kjent på ambivalensen i å vere skrapa for energi, og samtidig køyre på, for ting må jo gjerast. Huset rydder seg ikkje sjølv, ungane må ha mat og trøyst når dei er lei seg, jobben må gjerast og partner vil òg bli sett.
Eg har jobba med historia mi sidan hausten 2022. Eg har fått bearbeida dei fleste av mine barndomstraumer. Og eg har komt i kontakt med den autentiske meg via mitt indre barn.
Eg har lært av ho kva EG VIL, kva eg liker, kva eg vil prioritere og bruke tida mi på.
No har eg ein bedre relasjon til meg sjølv. Eg ser at eg gjer så godt eg kan. Eg har blitt kjent med magefølelsen min!
Eg har innsett at min høge verdi er sånn fordi eg er meg!
Eg veit med HEILE mitt hjerte at:
Eg vil hjelpe andre mødre og kvinner til å oppnå det samme.
Eg har sett verdien av å drive med indre arbeid gjennom EQ-terapi. Metoden gir deg mulighet til å øve på å gi deg sjølv den kjærleiken og omsorgen du har lengta sånn etter, og til å stå opp for deg sjølv, gjennom ditt indre barn.
Eg vil hjelpe deg å slutte og streve og berre overleve. Eg vil hjelpe deg å leve.
Og det beste er at du slepp å gjere dette aleine. For eg vil sitte der med deg, og støtte deg i alt du vil og treng å gjere i EQ-terapien. Folk som har vore rundt meg seier eg får dei til å føle seg trygge og at eg gjer det lett for dei å åpne seg for meg.
Du er invitert
-
Omsorgsposten
Er du klar for å gi deg sjølv omsorg? Abonner på Omsorgsposten.
Abonner på omsorgsposten -
Terapi
Er du klar for å gi ditt indre barn omsorg? Book meg for terapi.
Book meg for terapi -
Samtale
Er du usikker på om du er klar? Book ein samtale med meg.
Book ein samtale med meg
Neste steg: Omsorgsposten🩷
-
Du fyller ut skjemaet og blir Omsorgsposten-abonnent
-
Du les epostane, særleg dei første, og tek i bruk nokre av verkemidla eg deler der.
-
Du vil merke at du gir deg sjølv omsorg, og du vil føle det i heile kroppen din, at du er verdt å ta vare på, verdt all denne omsorgen. Du får erfare og etter kvart vil du tru på at det er godt for både deg og dei rundt deg at du bruker tid på å ta vare på deg sjølv, at det faktisk har positive ringvirkninger.
Neste steg: EQ-terapi
-
Du booker EQ-terapi hos meg.
-
Du får hjelp til å ta vare på og gi kjærleik og omsorg til ditt indre barn, og begynner å bygge opp eigenverdien. Du får stå opp for ditt indre barn, og kroppen erfarer at det er trygt, at du har kontroll og at det er du som bestemmer over deg og ditt liv. Eg guider deg gjennom det, både i sjølve terapiane, men òg i samtalar og meldinger mellom terapiane. DU gjer jobben, men er aldri aleine om det. Eg støtter, guider og held heile vegen gjennom.
-
Etterkvart vil du føle forskjellen i kvardagen, i relasjonane dine og korleis du tenker. Dei endrer seg, og blir meir rasjonelle, mindre destruktive. Du merker det i møte med vanskelige følelsar hos ungane, foreldra dine, partner og andre . Du vil tåle dei på ein ny måte. Du merker at du ikkje lenger treng å vere så hard. Ikkje mot deg sjølv, ikkje mot andre. Du blir meir undrande, både i deg sjølv og andre. Du merker at du tenker “eg lurer på kva dette handler om” heller enn å kritisere og dømme. Og du merker at du endeleg har fått plass til glede i livet ditt. I starten som små glimmer, etterkvart i form av latterkramper og eit stort varmt hjerte for både deg sjølv og dei rundt deg.
Neste steg: Du har booka samtale
-
Du booker ein samtale hos meg.
-
Eg spør deg om barndommen din, relasjonar til foreldre, søsken, besteforeldre, til deg sjølv og andre. Eg spør kva du strever med i livet. Kva som er den viktigste og største utfordringa di, og korleis du handterer det.
-
Eg får eit bilde av korleis historia di har prega deg, og kva strategiar du har valgt for å klare deg gjennom livet. Eg ser om du er klar for å gå inn i historia, eller om du kanskje treng å snakke om ting først. Som terapeut setter eg deg og dine behov først, sånn at eg tek deg med inn i dei verste traumene viss du aldri har jobba med historia di før. Eg vil ta deg forsiktig inn, og stadig sjekke inn hos deg, for å forsikre meg at eg ikkje tek deg med inn i følelsesbølger du ikkje kan komme deg ut av, sjølv med mi hjelp.
«På en side så vet jeg at når noe ikke flyter i livet, så er det noe i meg som blokkerer det. På den andre siden hadde jeg kommet til et punkt hvor jeg ikke visste hva blokkeringen var. Noen ting er i overflaten, annet gjemmer seg dypere, og da kan det være fint med litt hjelp for å finne det.
Her kom Edith inn med sin trygge gode energi. Jeg hadde ikke prøvd EQ-terapi før, visste vel ikke helt hva jeg gikk til heller, men Edith guidet meg trygt og før jeg visste ordet av det kom jeg dypt ned til noen gamle etablerte sannheter som direkte blokkerte min kreative flyt.
Selv om jeg ikke kjente Edith så godt fra før følte jeg meg fullstendig trygg fra første sekund, noe som gjorde at jeg våget å gi slipp på gammelt grums mye lettere enn jeg har gjort tidligere.
En session med Edith er terapi du ikke visste du trengte, men jeg lover deg, det er akkurat det du trenger.”
Finn lyst i livet
For hjelp til å gråte, korleis gi deg sjølv omsorg og varme klemmar i innboksen: abonner på Omsorgsposten.
For hjelp til å finne deg sjølv og styrke deg sjølv frå innsida: book samtale eller EQ-terapi av meg.
Eg har laga ei greie som gjer det enkelt å ta litt bedre vare på deg sjølv, uten at det blir meir stress og enda ei greie du må gjere for å få det bedre? Du får den gratis når du abonnerer på Omsorgsposten!
Vil du lese tekstar om mammalivet, som du kan kjenne deg igjen i? Vil du kjenne korleis det føles å få varme klemmar i innboksen? Abonner på Omsorgsposten!
Dette er staden for deg som:
- er lei, sliten, overstimulert og utmatta.
- er klar for å prøve noko nytt, heller enn å bli gåande i samme tilværelsen i ti år til.
- har gått i samtaleterapi, psykoterapi, kognitiv terapi, motivasjonsterapi, har prøvd yoga, qi gong og pilates, og har jobba med mindfulness og meditasjon utan at det fekk problema dine til å forsvinne.
Hos meg får du alt frå små men effektive tips til korleis du kan ta litt bedre vare på deg sjølv, til store terapi-pakkar som gjer at du får gravd heilt ned i den djupaste driten – og dermed kan komme ut på andre sida som ein sterkare, meir sjølvsikker versjon av deg sjølv.
Du kan bli ei som liker seg sjølv, som er glad i seg sjølv, og ser kor stor verdi ho har, at ho ikkje lenger vil finne seg i andre sin drit.
Vil du starte i det små, starter du med å abonnere på Omsorgsposten. Der får du to gåver:
Hjelp til å frigjere klumpen i halsen, lette på trykket bak augene og ta kontroll over sorg og gråt.
Små, enkle grep av eigenomsorg som du kan ta inn i kvardagen – utan at du utvider den allerede stappfulle to-do-lista. Målet er at du skal bli zen, og at du skal innsjå at du er verdt å ta vare på, du òg
Har du jobba litt med deg sjølv allerede, eller er så lei av den lange, harde tilværelsen at du vil gå den korte, harde vegen via EQ-terapi, så booker du ein samtale med meg
Sånn at vi ilag kan finne ut om du skal ha eit langt forløp eller eit lengre forløp av EQ-terapi og omsorg hos meg.
Ingenting av det eg tilbyr er for pyser. Berre dei aller tøffaste og modigaste folka (aka mødre og kvinner) tør å hoppe uti det, sjå på historia si, sleppe tårene fri, sleppe følelsane fri, grave langt ned i djupet, dra ut traumene og gi dei ein stor, varm klem, så dei smuldrer opp og frigjer alt du treng av energi til å få gjort ting du har lyst til å gjere og til å faktisk leve.
Til å finne LYST I LIVET!
VIKTIG! Vi starter aldri i det djupaste når du er heilt fersk i traumebearbeiding, det vil ikkje kroppen din tillate, og det vil ikkje eg tillate. Vi varmer opp med noko litt lettare, før vi tek trappa nedover. Eitt og eitt steg. Du kan stole på at kroppen din viser deg kva du treng å jobbe med, og at eg vil geleide, veilede og holde deg gjennom heile prosessen.